måndag 7. januar 2013

Nytt år, nye moglegheiter!

Ja, som eg skreiv i sist innlegg, eg GREMMEST! Men som øvetittelen seier, NYTT ÅR, GIR NYE MOGLEGHEITER! 

I haust byrja eg i ny jobb som pedagogisk leiar i Sandnes kommune. Her jobbar eg 100% på 3-6 års avdeling. Trives framleis med det, sjølv om det er TRAVELT! :) Er så heldig at eg har nokre supre kolleger som eg ikkje hadde klara meg utan, all æra til dei! 

Heile hausten har eg klara meg utan den der avhengighetsskapande boksen som dei fleste har ståande i stova, og det har faktisk vore veldig herleg!. Men, i helga var eg på handel, og nå står den der så flott, lyser mot meg og ber om å bli satt på. For å kompensera for den der eigentleg tåpelege, men UTRULEG kjekke boksen, så har eg nå som mål å koma meg meir ut i aktivitet. GOOD LUCK te meg!! Turkameratar ønskast hjerteleg velkommen! :)

I tillegg fekk eg meg symaskin :) Så nå kan alle mine vener venta seg sydde og eller spøta gåver til bursdagen! Ønsker mottas med takk! 

Julaspøtet i år vart Mariussokkar til meg sjølv, så nå er dei snart ferdige :) 


Vonar dette året kan verta eit betre blogg år enn tidlegare...

GODT NYTT ÅR!

Ingen kommentarer: