fredag 25. februar 2011

Ecuador here I come !

I måro startar den leeenge planlagde turen te Ecuador! Det skal bli ei spanande og vonaleg innhaldsrik oppleving :)

Ei natt igjen i mi eiga seng før reisa startar mot varmare breiddegrader :) Me startar med å køyra til Drammen kor me skal sova nokre timar før me tar flytoget til Gardermoen.

Her er reisa slik ho er planlagt:
Gardermoen 0750 - Heathrow 0920
Heathrow 1125 - Miami 1640
Miami 1905 - Guayaquil 2320


Heimreisa startar 11. mars og me skal fyka slik:
Guayaquil 1125 - Miami 1540
Miami 2030 - Heathrow 1000 (12mars)
Heathrow 1305 - Gardermoen 1620

Så vil det visa seg om flya er i rute...

Eg gledar meg ein heile haug!! Skal bli kjekt å sjå korleis Ida skal bu dei neste 4 månadane, samt oppleva ein heilt annleis kultur :)

Ein ny hobby??

Pine Hole kamera er siste aktivitet me har hatt i forming på skulen. Og det var utruleg kjekt!

Nokon har kanskje høyrt om Camera Obscura, og viss eg ikkje har misforstått heilt, så er dette same greia...

For dei som ikkje veit kva dette er, så er det kort fortalt at me har tatt bilder med ein blikkboks!
Oppskrift:

Me tok ei kobbarplata, som me banka - bruka ei knappanål til å laga eit lite hol - og pussa, alt dette for å få eit så rundt hol som mogleg, samstundes som kobbarplata skulle vera tynnast mogleg for å få best resultat.

Så tok me ein blikkboks (denne bør vera spraylakka svart inni) og bora eit hol i denne. I dette holet limte me fast kobbarplata (kan og laga hol rett i boksen, men for enklast å få eit bra hol bruka me kopparplata). Hadde noko lakkliknande greier (asfalt oppløyst i bensin?) for å tetta alle hol (untatt det som var laga med nål). Boksen er klar!

Putt inni eit fotoark (negativ), MÅ gjerast i eit mørkerom med spesiallys! Tett igjen med aluminiumsfolie. Når ein skal gå ut for å ta bilete, haldt framfor holet i boksen, slik at dette er lystett.

Så går ein ut og tek bilete! Set boksen ned slik at holet peikar mot ønska motiv ;) Korleis bilete tilslutt blir, avheng av korleis ljoset er og kor lenge boksen står. Her må ein prøva seg fram!

Mine bilete vart tatt med eitt minutt. Det vart vellukka i ljoset den dagen. Andre ting som også spelar inn, er kor stor ein har laga holet, det skal vera minst mogleg.

Her er resultatet:

Dette er bilete slik det såg ut då me hadde framkalla det i mørkerommet :) Artig at det kan koma noko slik utav ein blikkboks med eit ark inni som bare har stått ute i eit minutt!

Då me hadde skanna bilete inn på dataen og jobba litt med det i PhotoShop, fekk me nokon fleire spanande bileter. Her kjem nokon av dei :D

søndag 20. februar 2011

...

"Det er umulig" sa tvilen

"Det er farlig" sa frykten

"Det er unødvendig" sa fornuften

"Prøv likevel" hvisket hjertet ......

måndag 14. februar 2011