torsdag 8. september 2011

Haust

Ja, no er hausten komen. Sommaren er over, studiene har starta og lauva byrjar å sleppa taket på trea.
Nå sit eg inne og nyt varmen framom ogen. Har hatt to flotte dagar i høgheia på reinsdyrjakt.. Der var mykje vær og lite dyr. Om ikkje reinsdyr så kom me over ein røysekatt, nokre kull med juper, ein hubro (trudde ikkje dei var i høgheia) og ikkje minst, ein heile haug med sauer.
Flott å kunna få til litt andre ting innimjødlå studiene. Timeplanen ser ganske grei ut for hausten, med fleire kjekke turar/ekskursjonar. Me skal ha ein fjelltur i Suldalsheiane, så me hamnar mest sannsynleg på Krossvatn, det blir kjekt :)
Det er utruleg herleg å koma seg ut, mykje flotte opplevingar og ikkje minst frisk og klar luft :)