søndag 20. januar 2013

Ny blogg

Har fått meg ny blogg... Den er å finna på www.ceciliehoftun.wordpress.com, velkommen :)

laurdag 19. januar 2013


Då var 4cm vrangbord av perlestrikk ferdig :)


måndag 14. januar 2013

Prosjekt Mariustunika

Igår byrja eg på prosjekt Mariustunika... Så får me sjå kva tid den vert ferdig :)

Eg har valgt å strikka i 3 grånyansar, då eg vil ha den meir nøytral og ikkje lik alle andre :P

måndag 7. januar 2013

Nytt år, nye moglegheiter!

Ja, som eg skreiv i sist innlegg, eg GREMMEST! Men som øvetittelen seier, NYTT ÅR, GIR NYE MOGLEGHEITER! 

I haust byrja eg i ny jobb som pedagogisk leiar i Sandnes kommune. Her jobbar eg 100% på 3-6 års avdeling. Trives framleis med det, sjølv om det er TRAVELT! :) Er så heldig at eg har nokre supre kolleger som eg ikkje hadde klara meg utan, all æra til dei! 

Heile hausten har eg klara meg utan den der avhengighetsskapande boksen som dei fleste har ståande i stova, og det har faktisk vore veldig herleg!. Men, i helga var eg på handel, og nå står den der så flott, lyser mot meg og ber om å bli satt på. For å kompensera for den der eigentleg tåpelege, men UTRULEG kjekke boksen, så har eg nå som mål å koma meg meir ut i aktivitet. GOOD LUCK te meg!! Turkameratar ønskast hjerteleg velkommen! :)

I tillegg fekk eg meg symaskin :) Så nå kan alle mine vener venta seg sydde og eller spøta gåver til bursdagen! Ønsker mottas med takk! 

Julaspøtet i år vart Mariussokkar til meg sjølv, så nå er dei snart ferdige :) 


Vonar dette året kan verta eit betre blogg år enn tidlegare...

GODT NYTT ÅR!

tysdag 25. september 2012

her kjem årets FØRSTE blogginnlegg...

Som de ser av overskrifta, så er det ei stund sia sist, ja nærare bestemt ca 351 dagar.. Ja, eg gremmest!

For å koma med ei oppsummering frå forrige gong, så har eg då opplevd mykje kjekt, td:

* Kjekk praksis
* Skreve og fullført ei bacheloroppgåva
* Fullført Førskulelærarutdanning med fokus på Natur og Friluft
* Hatt 3 jobbar på hand samstundes
* Har to månadar betalt to husleiger på 3 leilighetar
* Har hatt ei utruleg veka på speidarleir i Vats med utruleg kjekke folk!
* Har gifta vekk ei SUPER venninna, TILLUKKA Marit & Sigvald :)
* Har vore på to fjellturar!
* Byrja i ein av dei 3 jobbane
* Flytta sørøve

Har rett å slett hatt eit FANTASTISK år!! :)
Det kjem nok eit innlegg om fjelltur reknar eg med.. å kan hende noko av det andra og... me ser...


søndag 9. oktober 2011

Ei kjekk og innhaldsrik veka

Torsdag morgon starta eg med å setja meg på sykkelen i Haugesund, nærare bestemt Viervegen 26. Målet var å nå Kariåsen 10 innan mørkret kom, noko eg klara med glans! Været viste seg frå si beste sida, og eg hadde ein fantastiske tur i flott, varmt haustvær! :)

Fredag tok eg turen til Haugesund igjen (med bil) før eg vende nasen mot Stavanger. Her skulle eg på inspeksjon i Marit sin nyinnkjøpte leilighet! Fantastisk flott :) Ikea og Kvadrat vart og sjølvsagt innvilga besøk og då me kom ut att på kvelden var det som å vara i syden, for ein temperatur!

Lordag vart fabrikkutsalet til Sandnesgarn vitja, før me køyrde inn til Stavanger for å treffa på Kjersti. Ho har og nettopp flytta inn i ny leilighet saman med ei vennina, flott og sentrumsnær plass :) Kvelden vart tilbringt saman med vener av Marit, ein av mine femmendingar og Astrid S. sine roommates. Trivelig kveld!

Søndag tok me turen til Ålgård, på besøk til Tove & Ivar, Rakel og Isak. Me byrja dagen med gudsteneste på ungdomsskulen :) Kjekt å sjå korleis andre har det! Me fekk omvisning i "nya" huset, spanande! Marit reiste heimatt i kveldinga, og eg vart varande.

Måndag tok eg, Tove og Isak turen på besøk til Atle og Reidun. Bjørg var diverre på skulen (godt nokon er flittige studentar). Koseleg å sjå korleis dei hadde det :) Turen gjekk så til Lafthuset, her hadde dei posasalg på garn :) Turen gjekk så til Suldal, her var det middagsbesøk av familien Hellås, koseleg :)

Tysdag var det klart for klassetur te Krossvarn. Bilen koka på toppen av Oddatjønndammen og me måtte haika med læraren til Skreivasskleivane. Me gjekk den nøddastien over Storsteinsheia til me kom til turistløypa. Været var som Hellbillies syng i Krasafaren Steinbu: "Været var ruskut og tungt å grått..". Møkje regn/hagl og stiv kuling rett og slett!! Våte til skinnet når me kom fram til hytta.

Onsdag, endeleg byrjar det å bli greie temperatur i hytta. Eg og Alice går til Nøvlenuten for å sjå om me får dekning :) Jepps, fekk meldt frå heima om at bilen var parkert bak ein varseltrekant på toppen av Oddatjønndammen.

Torsdag var dagen for å venda nasen heim att. 10 jenter var klar for avgang, og me byrja å gå. Det snøa og snøen la seg. Etter ei stund vart det vanskelegare å sjå nøddingane med dei velkjente raude T'ane på, men med godt samhald klara me det. Me kom over elva og alle var ved godt mot!. Det snøa å snøa heile turen, og då me såg bilane jubla fleire av oss! Gleda vart fort satt litt på vent, då sommardekk og snø ikkje går så godt saman. Me måtte sku bilen/ane opp dei fleste bakkane, og snigla oss forsiktig nedatt. Her kom der fram mykje frustrasjon og styggskap! Då me endeleg såg min bil, kom det eit rungande HALLELUJA! Pappa og mamma hadde vore å fylt på frostvæska/vatn og snudd bilen. Kan tru eg va glad dei ikkje hadde køyrt bilen til Skreivasskleivane, den hadde vorte tung å sku! Me snigla oss så med 3 bilar nedover dalen. I krysset med Øvre Moen vart det meir slapsete før i veien og litt lettare å køyra, og rett før Sandsa vart det bar vei (våt). Turen gjekk heim for å dusja og eta litt mat (hadde ikkje ete si frukost) før eg vende nasen mot Haugesund.

Ei kjekk og innhaldsrik veka!