måndag 31. januar 2011

Eg bøye meg i støvet...

Må ærleg innrømma at eg ikkje e så ivrige på å sjekka postkassen, men idag slo eg te. Å der va der faktisk TO kort :D TUSEN TAKK for kortå Ida :D

Tenk, idag e de bare 27 dagar te me kjeme!!!

laurdag 29. januar 2011

Hva føder De nå?

Detta e ei bok som eg las nokre sitat frå her ein dag på denne bloggen etter tips frå Emma Lise :D

Det endte med at eg sat for meg sjøl og lo så eg grein! Ustyrteleg løgne sitat!

Forfattar Anne B. Ragde og jordmor Sigrid Ragde har tatt pulsen på svangerskap og fødsel og serverar slagferdige gullkorn frå fødestuen: frå nord til sør og frå aust til vest i landet.

Då eg vitja ein bokhandlar idag, tenkte eg at eg bare skulle sjekka om dei hadde denne boka, for å kunna bla litt i den. Då eg spure etter boka, lo ho i butikken litt og sa: ja, den e morsomme den!. Ho var usikker på om dei hadde den, og gjekk for å sjå, men kunne ikkje finna den. Då ho skulle sjekka om den var i systemet, eller om den var gått ut (den var litt gammal), kikka eg bare litt lenger bort i hylla. Plutseleg fekk eg store auge! For der, rett framom meg, sto boka! :D

Eg fann ho, seier eg til dama i butikken. Då var du heldig svarar ho, for den er snart eit klenodium (eller kva ho nå kalla det). Eg teke na, seie eg, og går nøgd til kassen.

Nå gledar eg meg til å setja meg ned i ei ledig stund med ei krus te og eit ullpledd for å lesa :D

måndag 24. januar 2011

Ecuador

Eg ska faktisk 14 dagar te ECUADOR :D Gleda meg utruleg møkje!!!

Då ska eg, Emma Lise, Erlend og Eskil ner å besøka vår alles kjære IDA!!! Hu jobba der nere som voluntør for Misjonsalliansen. Om ein vil lesa litt om kva ho skal gjera/kva dei driv med der nere, så sjekk ut denne sida ;)

Planen e å oppleva litt ulike stader i landet då me fussta e der nere, så det blir spennande!! :D

Idag e det faktisk bare 34 dagar te me reise!! :D

måndag 17. januar 2011

Fotposar

Tenkte eg ville dela ei av mine oppgåver frå haustsemesteret. I faget Fysisk Fostring hadde me ei oppgåva som heite "Friluftsrelatert utstyr". Då kunne ein velja å laga absolutt kva ein ville, ein måtte vare få det godkjent av fagansvarleg. Eg valgte å laga fotposar.

Her er resultatet:

Kommentaren frå fagansvarleg lyder slik:

Et særdeles bra prosjekt og en særdeles bra rapport om arbeidet. Jeg vet i alle fall at jeg ville bli meget fornøyd med slike flotte fotposer til jul, så om søskene dine har et snev av friluftslivinteresse blir nok dette en "hit". Kanskje du burde ta i mot bestillinger fra klassen?

Valget av stoff tror jeg er meget bra. Kjentes ut som de samme som er i de gamle feltbuksene jeg fikk med meg fra forsvaret. Meget solide saker og blir ganske riktig mykere ved bruk. Selv om det er solid, så tror jeg vurderingen med dobbel bunn var klok. Noen ganger må man gå over kortere stykker som det ikke er snø og da er det tungvindt å måtte ta fotposene av og på. Disse varer nok en "mannsalder".

Særdeles bra arbeid.

Kan ikkje anna enn å var meget førnøgd med detta!! :D

Nå i vår har me ei lik oppgåva, så nå strikkar eg ullpose til å ha inni soveposen, gledar meg til den vert ferdig!! :D

tysdag 4. januar 2011

2011

Vil ynskja adle mine lesarar (om der e nåken...) eit GODT NYTT ÅR!!!

Satsa på eit betre bloggår i år enn det var ifjor :D (men lovar ingenting..)