tysdag 2. september 2008

Vinden blese rundt nåvo, regne kjeme frå oven, hausten er på innmarsj.

Dei fleste har starta på nytt med studier, mens eg er jobbsøkande. Planen var igronn å studera, det skal eg og, men ikkje heilt det eg hadde planar om frå byrjinga. Istadenfor økologi og naturressurser i Bø, blir det kveldskurs med fysikk i Haugesund. Å då må ein jo ha nåke å ta seg til på dagtid, derfor jobbsøkande.

Å søka på jobb er ikkje bare bare, iallefall ikkje når ein veit kva ein vil å ikkje vil. For det er flusst av ledige jobbar, nokon er eg ikkje kvalifisert til, å andre kan eg ikkje tenkja meg i det heile! Så då får ein søkja på dei som er att, å sitja å vagla på pinnen til søknadsfristen er ute. Det kan hende følast lenge til, men plutseleg så er ein der, å ein ventar i spenning på mail eller telefon. Imens får ein nyta fridomen til å gjera nett det ein vil, sjøl om det somregel endar i å sova lenge, ta seg ein dusj, eta frukost å elles bare ha late dagar hima i ståvo.

Ein anna ting ein får god tid til, er å tenkja på alt som skulle vore annleis. Å i dagens samfunn kan det vera så mangt. Sjølv om dette ikkje er noko stort tema i samfunnet elles, å eg igronn ikkje bryr meg så veldig om korleis eg ser ut på håret, om det er langt eller kort, så er det altså et lite dilemma nå. Skal eg gjera noko med det, elle skal det bare hengja der, sånn rett opp å ned.

På lordag som var, køyrde eg ei venninna til Røldal, ho skal til Mexico å studera spansk. Heilt åleina. Eller, det vil sei, dei er 125 norske studentar som og skal bort, men ho kjende ingen av dei frå før, så eg ville iallefall ha følt meg åleina. Men ho gleda seg til 3 mnd i Mexico, få oppleva ein ny kultur, eit nytt språk og ikkje minst få ei oppleving for livet! God tur å kos deg møkje!!

Det er ikkje noko eg kunne gjort, iallefall ikkje åleina.. Så eg kosar meg hima med ei krus te og fyr i omnen.

Så får eg sjå kva hausten bringar.