fredag 15. januar 2010

Strikking

I det sista, elle, det vil sei frå i haust ein gong, har eg hatt strikkedillå! Eg har stort sett strikka i adle ledige stunder. Å eg tykjer jo det er ganske så kjekt, sjøl om det kan vera greitt med litt nye ting inni mjødlå, så ein ikkje går lei.

Det byrja med tovavottar, men gjekk raskt øve på tova sitjeunderlag som vart produsert i fleng til julagåver og andre gåver. Fant ut at det måtte vera kjekt å få te jul :D Strikka og tøfler som eg tova, nokre meir vellukka enn andre. Vottar og huer har det og blitt nokre av. Noko tova og noko ikkje.

For tiå så strikka eg ullbuksa te meg sjøl! Itte å ha vore vikar i barnehagen å sitt adle dei herlige ullbuksene ungane har, ville eg ha ei sjøl og!! Å finna oppskrift på det til vaksne, var ikkje så enkelt, men ka gjere vell de? Då teke me oppskriftå te 5år, å bare legge på nåken masker. Å det funka!! (Vart litt skeptisk då eg las ei strømpebukseoppskrift der str 2 år hadde meir masker enn ka eg har i mi, men har funne ut at det må vera den oppskriftå så e feil).
Så nå e der bare ein fot igjen før hu kan invias, så eg gleda meg :D

onsdag 13. januar 2010

Team Hanne

Team Hanne hadde nokre flotte sangar/opptredenar i Korslaget. Her kjem to av sangane :D



tysdag 12. januar 2010

Ja, då har eg byrja på skulen igjen.. Teke ikkje heilt av kan du sei!! For det fussta, så e ikkje forelesningane så veldig spennande.. Å så går me jo bare halve dagar!! Å ja, det kan jo vera kjekt, om ein har nåke å ta seg te, men for min del, har dagane ein tendens te å bli vel longe :(

Koffer kan me ikkje gå nåken heile dagar, å helle ha fri nåken dagar! Så kan me kanskje få gjort nåke vetogt! Nå går dagane stort sett i å fyra i ogen, vaska kler, eta, spøta å sjå på tv. Detta kan jo var ein alletiders dag, men då ein gjer det 3 dagar i vekå, så bjunne ein å bli litt lei!

Jada.. Har ein skikkeleg lei dag!

søndag 3. januar 2010

Vennskap

Så uendeleg godt med små stunder

ved kjøkkenbordet saman.

Med eit varmt tekrus framfor oss.

Der vi kler av andleta våre

og deler tårer og gleder.

Der vi snublar mot kvarandre

med famlande og utilstrekkelege ord.

Der vi tar imot kvarandre

og lyttar med opne sansar.

Alt forstår vi kan hende ikkje.

Og somt lar vi respektfullt liggja.

Men vi kjem nær kvarandre,

og lærer litt om kva vennskap er.

Dette umistelege.


-Bente Bratlund-

fredag 1. januar 2010

Godt Nyttår

Idag har me byrja på eit nytt år. Igår feira med at det forriga har vore eit kjekt og minnerikt år.

Saman med gode vener, starta eg kvelden med eit flott måltid. Indrefilet var aldeles nydeleg!! Som mange andre på Haugalandet, var me i Åmsosen ved midnatt. Utruleg flott fyrverkeri frå Hatteland! Kvelden vart avslutta med brettspel.
Ein utruleg flotte kveld med kjekke folk!

Takkar familie og vener for eit fantastisk kjekt og minnerikt 2009!

Eg gledar meg utruleg til å koma igang med detta nya året som ligg føre. Nye utfordringar og hendingar saman med familie og vener. Håpar me alle får eit godt og spanande 2010 med mykje glede!

Godt Nyttår!!