søndag 28. november 2010

Ein episode til ettertanke

Ikveld når eg sko kjøra te byn, hadde eg ein av mine ekklaste opplevingar nåken sinne!! Eg va skremmande nærme å kjøra ned to personar. Alt skjedde ganske fort, og eg e fortsatt skjelven sjøl om eg har kjørt heilt te Haugesund ittepå. Ca sånn skjedde det:

Eg kom kjørande rundt ein sving, og så kom det ein bil i mot. Plutseleg blir eg var to personar som går i veikanten. I det bilen som kom imot, passerte meg, svingte dessa to personane ut i veibanen for å kryssa veien! Eg hive meg på bremsene, og den eine personen snur seg, ser meg, og trive den andre personen og kjeme seg øve veien. (alt detta skjedde jo ganske fort då!) Heldigvis gjekk det godt!!

Skal du ferdast i trafikken, bruk refleks og sjå deg godt føre før du kryssar veien!!

Ein episode til ettertanke for einkvar som skal ferdast i trafikken.