Viser innlegg med etiketten Tidtrøyta å hobbyar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tidtrøyta å hobbyar. Vis alle innlegg

fredag 25. februar 2011

Ein ny hobby??

Pine Hole kamera er siste aktivitet me har hatt i forming på skulen. Og det var utruleg kjekt!

Nokon har kanskje høyrt om Camera Obscura, og viss eg ikkje har misforstått heilt, så er dette same greia...

For dei som ikkje veit kva dette er, så er det kort fortalt at me har tatt bilder med ein blikkboks!
Oppskrift:

Me tok ei kobbarplata, som me banka - bruka ei knappanål til å laga eit lite hol - og pussa, alt dette for å få eit så rundt hol som mogleg, samstundes som kobbarplata skulle vera tynnast mogleg for å få best resultat.

Så tok me ein blikkboks (denne bør vera spraylakka svart inni) og bora eit hol i denne. I dette holet limte me fast kobbarplata (kan og laga hol rett i boksen, men for enklast å få eit bra hol bruka me kopparplata). Hadde noko lakkliknande greier (asfalt oppløyst i bensin?) for å tetta alle hol (untatt det som var laga med nål). Boksen er klar!

Putt inni eit fotoark (negativ), MÅ gjerast i eit mørkerom med spesiallys! Tett igjen med aluminiumsfolie. Når ein skal gå ut for å ta bilete, haldt framfor holet i boksen, slik at dette er lystett.

Så går ein ut og tek bilete! Set boksen ned slik at holet peikar mot ønska motiv ;) Korleis bilete tilslutt blir, avheng av korleis ljoset er og kor lenge boksen står. Her må ein prøva seg fram!

Mine bilete vart tatt med eitt minutt. Det vart vellukka i ljoset den dagen. Andre ting som også spelar inn, er kor stor ein har laga holet, det skal vera minst mogleg.

Her er resultatet:

Dette er bilete slik det såg ut då me hadde framkalla det i mørkerommet :) Artig at det kan koma noko slik utav ein blikkboks med eit ark inni som bare har stått ute i eit minutt!

Då me hadde skanna bilete inn på dataen og jobba litt med det i PhotoShop, fekk me nokon fleire spanande bileter. Her kjem nokon av dei :D

søndag 18. april 2010

Sokkadilemma

Syns de va på tiå me et nytt innlegg nå.. Men som vanleg, ikkje noko velovertenkt eller snusfornuftig...

Her ein dag va eg på senteret, sko igronn ikkje ha noko, men kom nå heim me nokon par sokkar... Eine pakken innehaldt 7 par. Aha, vil nokon kanskje tenka, sleke me dagane på! men nei... elle... Det står sunday på de eina paret, men på dei andre para står de: Summerday, Flyday, Flowerday, Happyday, Loveday og Luckyday.

Tanken slo meg idag.. (For som sikkert einaste, så irritere de meg at folk går me sokkar så de står Monday på, på ein tysdag osv) kva tid ska eg bruka dei forskjellige??
* Sunday e jo grei, søndagar elle dagar me sol
* Flyday, dagar eg fyke
* Flowerday, kan vell brukast store delar av vår, sommar og haust då det bløme
* Summerday, e jo sommardag
MEN så kjeme dilemma... happyday, loveday å luckyday... når eg står opp om morgonen, vett eg jo ikkje koss dagen blir :S

Ska eg då gå itte koss gårdsdagen va elle koss eg trur dagen blir ??

fredag 15. januar 2010

Strikking

I det sista, elle, det vil sei frå i haust ein gong, har eg hatt strikkedillå! Eg har stort sett strikka i adle ledige stunder. Å eg tykjer jo det er ganske så kjekt, sjøl om det kan vera greitt med litt nye ting inni mjødlå, så ein ikkje går lei.

Det byrja med tovavottar, men gjekk raskt øve på tova sitjeunderlag som vart produsert i fleng til julagåver og andre gåver. Fant ut at det måtte vera kjekt å få te jul :D Strikka og tøfler som eg tova, nokre meir vellukka enn andre. Vottar og huer har det og blitt nokre av. Noko tova og noko ikkje.

For tiå så strikka eg ullbuksa te meg sjøl! Itte å ha vore vikar i barnehagen å sitt adle dei herlige ullbuksene ungane har, ville eg ha ei sjøl og!! Å finna oppskrift på det til vaksne, var ikkje så enkelt, men ka gjere vell de? Då teke me oppskriftå te 5år, å bare legge på nåken masker. Å det funka!! (Vart litt skeptisk då eg las ei strømpebukseoppskrift der str 2 år hadde meir masker enn ka eg har i mi, men har funne ut at det må vera den oppskriftå så e feil).
Så nå e der bare ein fot igjen før hu kan invias, så eg gleda meg :D