laurdag 5. desember 2009

Advent

Ja, då va me komne godt igang med desember og advent. For mange inneheld advent lesing til eksamen, også for meg, men advent er så mykje meir.

Adventstida skal vera ei rolege tid, der ein har tid til koselege stunder saman med gode vener. Me tenner lys og pyntar med lilla, som eit symbol på at me ventar på noko godt. Kalenderen teljer ned til den 24. medan me bakar kaker og lagar snop.

Det første teiknet på at advent byrjar, er hjå monge at kalenderen kjem på veggen. Hjå meg kjem plata til Peter Jôback "Jag kommer hem igjen til jul" i cd'spelaren i bilen. Der held den hus ofte til langt ut i januar, og det kjem den nok til å gjera denna gongen og.

Vil ønska adle ei goe adventstid!

Ingen kommentarer: