torsdag 8. september 2011

Haust

Ja, no er hausten komen. Sommaren er over, studiene har starta og lauva byrjar å sleppa taket på trea.
Nå sit eg inne og nyt varmen framom ogen. Har hatt to flotte dagar i høgheia på reinsdyrjakt.. Der var mykje vær og lite dyr. Om ikkje reinsdyr så kom me over ein røysekatt, nokre kull med juper, ein hubro (trudde ikkje dei var i høgheia) og ikkje minst, ein heile haug med sauer.
Flott å kunna få til litt andre ting innimjødlå studiene. Timeplanen ser ganske grei ut for hausten, med fleire kjekke turar/ekskursjonar. Me skal ha ein fjelltur i Suldalsheiane, så me hamnar mest sannsynleg på Krossvatn, det blir kjekt :)
Det er utruleg herleg å koma seg ut, mykje flotte opplevingar og ikkje minst frisk og klar luft :)

fredag 10. juni 2011

SUMARFERIE :)

Idag har eg allereie hatt sumarferie i to heile dagar, heilt fantastisk!

Eg byrja jobba første dagen, å slek kjem nok sumaren til å halda fram. Jobb i vekedagane, og vonaleg nokon sprell i helgene. Trudde eg skulle jobba heile sumaren, men nå viser det seg at eg truleg har ei veke i sumar som eg ikkje skal jobba.

Då vonar eg å få til ein fjelltur :)

GOD SUMAR!

tysdag 22. mars 2011

Ecuador i bilete

Nå har det gått ei god veka sidan eg kom heim att frå Ecuador. Eg hadde ein fantastiske tur med mange opplevingar. Sit igjen med utruleg mykje inntrykk og ikkje minst gode minner!

Her kjem nokre bilete som viser noko av det me fann på iløpet av turen..

















Første overnatting var i Drammen hjå Bjørg og Mathias.
















Detta reiser me ifrå.. Avising av fly pga kulde..





















Overrekking av bursdagsgåver og andre gåver.. Mykje god norsk kost!







Utsikten frå takbalkongen til hovudkontoret til Misjonsalliansen i region Flor de Bastion.


















Omvising på eine skulen som Misjonsalliansen har vore med å bygd opp.

















Centro Creer, eit senter for funksjonshemma born.
















Emma Lise, meg og Eskil på havnepromenaden i Guayaquil.
















Meg og nokre svære skilpadder.




















Ei utruleg flott Jesus statue :)
















Heteslag??















Fotballspeling på sommarskulen (Det var sommarferie der nede nå).
















Ida og meg...
















i eit Ecuadoriansk selskap :)




















Ein må sova når ein har mulighet..
















Hostellet me låg på i Puerto Lopez.


















Turens første bad :)




















Ida, voluntør for Misjonsalliansen i Ecuador


















Emma Lise og meg.


















Turfølgje :)


Innover i dessa "gongane" låg hyttene me budde i.



Los Frailes :D



Utsikt ned på stranda frå eit utkikkspunkt.



Desse sat me på med for å koma til Los Frailes.



Utsikten frå frukostbordet :)



Stranda i Puerto Lopez, heilt i andre enden av der hostellet låg. Her tok me båt frå då me skulle til Isla del Playa.



Delfinar :D



Havskjellpadda :D



Digga personen i midten der.. MEN det e nå skiltet så va poenget då... :P



Blue footed boobies....



Gutta på tur..



og søstrene "Downhome" :)



Me kunne snorkla på turen då, og detta sko eg jo prøva.. haha.. eg å sjø, stola nå iallefall ikkje på at det der helle vatnet longt ifrå munnen! MEN eg bada nå iallefall :D



Strandå ved hostellet :)



Der va me visst komne te Baños, ein fjellby som ligg på ca 1800 moh. Å viss dåke ser godt itte i bakgrunnen så kan dåke finna ein feil! ;)



Etter 2,5 timar lengre enn planlagt i busstur (totalt ca 10timar), så hadde me ikkje plass på hostellet. Men kjekke så an va han så eigde/jobba der, så samla han saman soveposar, madrass og fira liggeunderlag slik at me kunne sova framom peisen i matsalen. Besta nattå eg hadde på detta hostellet :D



Me var i ein dyrepark, og det var ikkje noko kjekt. Bilete talar for seg sjølv...



Tur på ATV, utleigar hadde lita tru på at me kunne kjøra dei men...



me køyrde opp til ein værstasjon/observasjonsstasjon som observerte vulkanen og varlsa om det var endringar/aktivitet i denne.



Alt ein kan koma på at ska gå ann.. artig!





Eit heller mislukka forsøk på å unngå vatn og sprayboksar med farge... Karneval i Baños!

I Ballenita var me i "Tårnet til Tobias"...

og helste på skogens konge.... snodig...



Ein hoppande glad voluntør, som gleda seg til å få litt søvn når me reiste... Tusen takk for eit utruleg opplegg å 11 heile fantastiske dagar saman med deg Ida!! :D



fredag 25. februar 2011

Ecuador here I come !

I måro startar den leeenge planlagde turen te Ecuador! Det skal bli ei spanande og vonaleg innhaldsrik oppleving :)

Ei natt igjen i mi eiga seng før reisa startar mot varmare breiddegrader :) Me startar med å køyra til Drammen kor me skal sova nokre timar før me tar flytoget til Gardermoen.

Her er reisa slik ho er planlagt:
Gardermoen 0750 - Heathrow 0920
Heathrow 1125 - Miami 1640
Miami 1905 - Guayaquil 2320


Heimreisa startar 11. mars og me skal fyka slik:
Guayaquil 1125 - Miami 1540
Miami 2030 - Heathrow 1000 (12mars)
Heathrow 1305 - Gardermoen 1620

Så vil det visa seg om flya er i rute...

Eg gledar meg ein heile haug!! Skal bli kjekt å sjå korleis Ida skal bu dei neste 4 månadane, samt oppleva ein heilt annleis kultur :)

Ein ny hobby??

Pine Hole kamera er siste aktivitet me har hatt i forming på skulen. Og det var utruleg kjekt!

Nokon har kanskje høyrt om Camera Obscura, og viss eg ikkje har misforstått heilt, så er dette same greia...

For dei som ikkje veit kva dette er, så er det kort fortalt at me har tatt bilder med ein blikkboks!
Oppskrift:

Me tok ei kobbarplata, som me banka - bruka ei knappanål til å laga eit lite hol - og pussa, alt dette for å få eit så rundt hol som mogleg, samstundes som kobbarplata skulle vera tynnast mogleg for å få best resultat.

Så tok me ein blikkboks (denne bør vera spraylakka svart inni) og bora eit hol i denne. I dette holet limte me fast kobbarplata (kan og laga hol rett i boksen, men for enklast å få eit bra hol bruka me kopparplata). Hadde noko lakkliknande greier (asfalt oppløyst i bensin?) for å tetta alle hol (untatt det som var laga med nål). Boksen er klar!

Putt inni eit fotoark (negativ), MÅ gjerast i eit mørkerom med spesiallys! Tett igjen med aluminiumsfolie. Når ein skal gå ut for å ta bilete, haldt framfor holet i boksen, slik at dette er lystett.

Så går ein ut og tek bilete! Set boksen ned slik at holet peikar mot ønska motiv ;) Korleis bilete tilslutt blir, avheng av korleis ljoset er og kor lenge boksen står. Her må ein prøva seg fram!

Mine bilete vart tatt med eitt minutt. Det vart vellukka i ljoset den dagen. Andre ting som også spelar inn, er kor stor ein har laga holet, det skal vera minst mogleg.

Her er resultatet:

Dette er bilete slik det såg ut då me hadde framkalla det i mørkerommet :) Artig at det kan koma noko slik utav ein blikkboks med eit ark inni som bare har stått ute i eit minutt!

Då me hadde skanna bilete inn på dataen og jobba litt med det i PhotoShop, fekk me nokon fleire spanande bileter. Her kjem nokon av dei :D

søndag 20. februar 2011

...

"Det er umulig" sa tvilen

"Det er farlig" sa frykten

"Det er unødvendig" sa fornuften

"Prøv likevel" hvisket hjertet ......

måndag 14. februar 2011